Estate Vest

Nyheter – Vest Norge

SUNNFJORDINGER: Gøran Standal (t.v.) og Espen Vasseth delte førsteplassen i tevlinga om å verte «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet i 2015. (Foto: EBA Vestenfjelske).

Sunnfjordinger gjorde
reint bord i «Årets lærling»

Torgeir Hågøy

onsdag 6. januar 2016 14:32 (Oppdatert 19. februar 2018 11:25 )

Gøran Standal (24) frå Førde og Espen Vasseth (20) frå Stongfjorden i Askvoll er begge kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet. Gøran er betongfaglærling hosBrødrene Ulveseth i Bergen, medan Espen er tømrar hos Åsen & Øvrelid i Førde.

Premien til vinnarane på 10.000 kronar og eit diplom vart overrakt av fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune på eit arrangement i Bergen hos Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avdeling. Dei to vann foran bergenserane Jan Olav Berentsen (26) på andreplass og Anders Gjesdal (19) som vart nummer tre. Dei utdannar seg begge i betongfaget som lærlingar hos henholdsvis Stoltz Entreprenør og NCC Anlegg.
Gøran Standal går læretida hos Brødrene Ulveseth og jobbar på boligprosjektet i Kronstadparken i Bergen. Han gjekk to-årig byggfagutdanning på Øyrane vidaregåande skule i Førde og etter militærtenesta flytta han til Bergen for å få lærekontrakt. Han skal ta fagprøve til sommaren.
Det er verksemdene som nominerar dei beste kandidatane til tevlinga om å verte «Årets lærling», og dei gir ei vurdering av faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. Betongbasen til Gøran såg tidleg hans talent og gode haldningar. Han fikk tidleg ansvar for store dekkstøpar, og utmåling og montering av sveiseplater og dekkantsikringar.  I læretia har han ikkje hatt fravær og har levert særs gode resultat.
– Eg vart overraska og veldig glad for prisen, seier Gøran.

«Kanskje den beste vi har hatt»

Espen Vasseth gjekk også på Øyrane vidaregåande skule og tok fagprøva i august i år. Frå han vart lærling har han jobba hos Åsen & Øvrelid og har delteke i fleire bustadprosjekt. «Espen er kanskje den beste lærlingen vi har hatt nokon gong. Kombinasjonen av fagleg interesse, kompetanse og gode sosiale ferdigheiter gjer Espen til ein «vinnar» og ein framtidas mann som vi absolutt ønskjer å satse på», uttalar daglig leiar Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid. «Espen vil truleg få ein strålande karriere enten han fortset som fagarbeidar eller søkjer ytterligare utfordringar i faget.»
– Å verte «Årets lærling» gjer meg både stolt og takknemleg, seier Espen, som vurderar å gå vidare på teknisk fagskole eller ta høgskoleutdanning for å verte ingeniør.

Best blant over 300 lærlinger i bygg og anlegg

Kåringa av «Årets lærling» er gjort mellom vel 300 lærlingar i entreprenørbransjen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Ein jury med representantar frå BYGGOPP i Hordaland og Sogn og Fjordane, fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune og Fellesforbundet tek den endelege avgjerda.
På andreplass kom Jan Olav Berentsen frå Bergen som er lærling hos Stoltz Entreprenør. For tida jobbar han på eit bustadprosjekt i Fyllingsdalen og skal ta fagprøve til sommaren. Det skal også Anders Gjesdal på tredjeplass. Han er TAF-lærling frå Knarvik vidaregåande skule og er tilsett hos NCC Construction, divisjon Anlegg. Han får no sin praktiske opplæring i samband med byggjinga av eit parkeringshus tilknytta Telenor-bygget ved Birkelandskrysset. Dei to fekk diplom og kvar sin sjekk på 5.000 kronar.

Rollemodeller

– Vinnarane i «Årets lærling» 2015 har i tillegg til å lære seg sine fag også tatt del i informasjonsaktivitetar på skulene for å fortelje om fagutdanninga. Dei er framifrå rollemodellar, seier opplæringsleiar Nils Arne Ødegård i BYGGOPP Sogn og Fjordane.
BYGGOPP legg til rette for opplæring innan bygg- og anleggsteknikkfaga og fylgjer opp lærlingane. BYGGOPP har 60 medlemsverksemder i Hordaland og 130 i Sogn og Fjordane.

– Vi takkar verksemdene som gjer ein særs god jobb for at lærlingar får praktisk trening i fagutdanninga, seier Jonny Olsen, opplæringsleiar i BYGGOPP Hordaland.

LES OGSÅ:
Nå satser bedriftene på byggdrifterlærlinger

Flyktningene kan gi mye arbeid for byggebransjen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Siste nyheter Vest-Norge

Borettslagets tak begynte å lekke. Retten slår fast at nabosameiet er ansvarlig for kostnadene

Nyheter / torsdag 2. mai 2024

Bringer nytt liv til Augustin Hotel

Nyheter / mandag 29. april 2024

Halvparten av alle hotellrom i Bergen sto tomme i Q1

Nyheter / fredag 26. april 2024

Slik blir nye Nøstet

Nyheter / torsdag 25. april 2024

Her vil Skanska bygge 100 nye boliger

Nyheter / torsdag 25. april 2024

Har planer om boliger på Paradis

Nyheter / onsdag 24. april 2024

Nyhetsbrev Estate-Vest

Motta gratis nyhetsbrev fra estatevest.no